History
-
- Stranda kyrkje er ei åttekantkyrkje i tre, oppført i 1838. Knut S. Øye var byggjeleiar. I 1904 gjennomgjekk kyrkja ei omfattande istandsetting, blant anna vart koret panelt, vindauga gjort større og benkane skifta ut. I 1927 vart koret utvida og sakristi bygd til. Veggmåleria i koret, som er måla av Jonas Peson på 1940-talet, har følgjande motiv: Skrifta vert granska, Den gode hyrdingen, Forklåringa på berget, Jesus i Getsemane, Himmelferda og Jesus velsignar småborna. I midten over altertavla ser ein den lysande krossen mot himmelen. Glasmåleria i skipet viser Heilag Olav i bøn før slaget på Stiklestad og Olav Tryggvason sin landgang på Moster. I vindauga i koret er det symbol for Gud Fader og Den Heilage Ande og Kristus og nattverden. Altertavla er eit alterskåp med to dører. Motiva viser erkediakon Laurentius sitt virke og martyrium i åtte bilete. Midtmotivet er den himmelkrona Jomfru Maria med Jesusbarnet, flankert av Laurentius med rista som han vart brent på, og Andreas med krosssen. Kjelder: Berge, Ivar og Kaare Bakke: Stranda kyrkje 150 år, Stranda 1988 Rasmussen, Alf Henry: Våre kirker. Norsk kirkeleksikon, Kirkenær 1993
Tid: 1838, 19. århundre (1801 - 1900)
Bygget: 1838
Kulturhistorisk merking
Automatisk listeført (1650-1850) (C1)
Placement
- Stranda (Kommune) - Stranda sokn (08041105), Nordre Sunnmøre prosti, Møre bispedømme - Allmenningen 9, 6200
-
- TrossamfunnDen norske kirke
References
License information
- License Navngivelse-Ikkekommersiell-Ingen bearbeidelse (CC BY-NC-ND)
Metadata
-
Alternative name
- 152500101 - Bygningskode Kirkebyggdatabasen 2004
- 1173 - Bygningsid Kirkebyggdatabasen 2008
- 85597-1 - Kulturminneid, Riksantikvaren
- 180080074 - Bygningsnummer Matrikkelen
- 1525-53/391 - Gnr Bnr
- Part of datasetNorske kirker (Hovedorganisasjonen KA)
- Provider
- Date publishedFebruary 23, 2024
- Date updatedAugust 1, 2024
- UUIDf97289b8-acd7-4c90-8064-cdbbe2c59dfe